Ørsta-dominans på Bjorli

To KM-gull og eitt sølv

Gull og sølv: Mathea Stranden tok KM-gull i storslalåm med Ariana Rebbestad på 2.-plass. Foto: Privat 

Sport

Igjen vart det mykje å juble for og medaljefangst for Ørsta alpin under KM i storslalåm.

Alpinistane var i helga samla på Bjorli. Grunna vêret var Tustenrennet flytta frå Molde. I løpet av helga vart det konkurrert i både storslalåm og slalåm. Krinsmeisterskapen vart i storslalåm og dei lokale alpinistane gjorde det godt. Mathea Stranden har hatt ein god sesong så langt. På Bjorli var ho igjen raskast gjennom løypa og køyrde inn til KM-gull i J16-klassa. Nærmaste konkurrent var klubbvenninna Ariana Rebbestad. Ørsta-jenta var 86 hundredelar bak Stranden i mål og tok sølv. Jenny Kristin Tvergrov kom på 4.-plass og Marthe Elise Aarskog Walseth tok 6.-plassen. Patrick Andre Haugen vart nummer fire i same årsklasse på gutesida.

Broren til Mathea, Henrik Stranden, har også mange gode resultat denne sesongen. I G14-klassa var han suverent raskast gjennom storslalåmløypa og sikra seg KM-gullet. For jentene i same årsklasse vart Anabelle Rebbestad nummer ni. Tuva Øye var med i medaljekampen etter 1. omgang, men vart diskvalifisert i 2. omgang.

Gull: Henrik Stranden vann KM-gull i storslalåm og sigeren i slalåmrennet på Bjorli. Foto: Privat  Foto: Privat

I dei yngste årsklassene køyrde Anders Stranden inn til 5.-plass i G12-klassa. Oda Aarskog Walseth tok 5.-plassen i J12. Anne Sofie Tvergrov kom på 7.-plass og Thea Emilie Haugen på 9.-plass.

1.-plass til Rebbestad

I slalåmrennet var Ariana Rebbestad raskast i J16-klassa framfor Jenny Kristin Tvergrov.

Henrik Stranden tok sin andre siger i helga i G14-klassa og Patrick Andre Haugen kom på 3.-plass i G16-klassa.

Både storslalåm- og slalåmrennet var ein del av Sparebanken Møre cup.