Viktig Volda-siger mot Førde

To nye poeng mot Førde søndag gjer at Volda framleis har eit håp om å ta kvalifiseringsplassen til eliteserien.

Siger: Strekspelar Lone Vik skåra åtte mål og vart toppskårar i 26-20-sigeren mot Førde søndag. Arkivfoto 

Sport

Handballdamene til Volda kjempar for å halde følgje med Rælingen i toppen av 1. divisjon. Søndag tok dei turen til Førde for å møte eit heimelag som prøvar å halde seg i divisjonen.

Vertane klarte å halde følgje med Volda det første kvarteret av kampen. Inn mot pause var Volda det klart beste laget. Det stod uavgjort 6–6 midtvegs i omgangen, men då pausesignalet gjekk var Volda i føringa 14–8.

I 2. omgang hadde Volda kontroll på kampen. På det meste var gjestene i føringa med åtte mål. Lone Vik skåra det siste målet i kampen og fastsette sluttresultatet til 26-20-siger for Volda.

Med to poeng har Volda framleis kontakt med Rælingen som ligg på kvalifiseringsplass til eliteserien. Avstanden opp er to poeng. Komande søndag kjem andreplasserte Flint Tønsberg på besøk til Voldahallen.