15-åring imponerte i langdistanserenn

12.-plass: Jørgen Gretland imponerte i Tverrfjelldilten. 

Sport

15-åringen Jørgen Gretland frå Hovdebygda IL langrenn var den yngste deltakaren i langdistanseløpet Tverrfjelldilten i helga. Langrennstalentet hevda seg godt den 40 kilometer lange løypa mot eldre og meir erfarne konkurrentar. Gretland kom i mål på to timar og åtte minutt. Det resulterte i ein 12.-plass.

Tverrfjelldilten vert arrangert i Stryn og løpet går i klassisk stil. I år var det rund førti deltakarar. Mange av dei var lokale. Dan Børge Saure (Bjørke IL) gjekk inn til 5.-plass. Johnny Saure Riise (Hovdebygda IL langrenn) kom på 7.-plass totalt med Cato Ryste (Volda T og IL) på plassen bak. Sverre Hoggen (Volda T og IL) kom i mål på plassen framfor Gretland. Bjørn Ole Vassbotn (Volda T og IL) enda på 13.-plass.