Ørsta-sprinter i storform

Sprinteren Johannes Eiksund storma inn til nye personlege rekordar og innandørs klubbrekordar på 60 m og 200 m på Thon Hotels Tyrvinglekene i Bærum idrettspark i helga.

Rekordar: Sprinteren Johannes Eiksund storma inn til nye personlege rekordar og innandørs klubbrekordar på 60 m og 200 m på Tyrvinglekene i Bærum. 

Sport

Johannes sprang 60 m på gode 7,29 sek. Resultatet heldt til 4. plass i klassen G17, berre 15/100 bak gull. Johannes var nest raskaste nordmann i klassen.

Løpet gav innandørs klubbrekord og er den raskaste 60 m som er registrert med elektronisk tidtaking i Ørsta IL. Johannes kan kanskje snart true den høgthengande utandørs klubbrekorden til Anton Røed Kristiansen frå 1976 (7,1 sek med manuell tidtaking).

Johannes viser stadig framgang også på 200 m. Han sprang 200 m på 23,89 sek, 5. plass i G17, ny personleg rekord og klubbrekord innandørs.

Johannes har satsa målretta på sprint dei siste åra. Dette har gitt stor framgang. Han set no nye personlege rekordar på nesten kvart stemne.

Thon Hotels Tyrvinglekene er eit av dei største innandørsstemna i landet. Det vert arrangert i Bærum idrettspark av idrettslaget Tyrving.