Ørsta tilbake på tabelltoppen

To gode kampar i Trondheim i helga resulterte i fire poeng for handballherrane til Ørsta.

Fire poeng: Ørsta kom heim att frå Trondheim med to sigrar, fire poeng og tabelltoppen i 3. divisjon. Nikolai Fagerhol Sira skåra åtte mål for NTNUI laurdag. Foto: Joachim Åsebø/Arkiv 

Sport

Ørsta tok dermed tilbake tabelltoppen frå Stjørdal HK/Lånke. Før kampane i helga låg Ørsta på 2.-plass på tabellen, men med ein kamp mindre spelt enn sin opprykksrival. No har begge laga spelt femten av tjueto kampar denne sesongen, og Ørsta toppar tabellen eitt poeng framfor Stjørdal HK/Lånke.

Sira skåra åtte

Mot NTNUI Håndball 3 laurdag kveld hadde kantspelar Nikolai Fagerhol Sira ein god kamp for Ørsta. Kantspelaren vart toppskårar med åtte mål. Ørsta var i føringa 17–11 til pause og hadde kontroll på kampen. Ti minutt ut i 2. omgang var leiinga auka til 25–13 og kampen enda med 35-21-siger for dei lokale handballherrane.

Sjumålssiger

Søndag ettermiddag var det Vikhammer 2. Igjen viste Ørsta at dei er eit av dei beste laga i 3. divisjon. Halvvegs hadde gjestene ei leiinga på seks mål, 18–12. Sigeren var aldri truga i 2. omgang. På det meste var Ørsta i føringa med elleve mål. Til slutt vart det 32-25-siger. Anders Vatsaas var toppskårar for Ørsta i det som var han sin siste kamp for sesongen.

Fjorten sigrar

Etter femten serierundar står Ørsta med eit tap og fjorten sigrar. Ein solid sesong så langt. Komande helg er det ikkje kampar for Ørsta. 15.- og 16. februar ventar ei ny helg i Trondheim og kampar mot Kolstad 2 og Sverresborg 2. Deretter er det fire heimekampar som vert avslutta med eit oppgjer mot Stjørdal HK/Lånke.