Hornindal valde Sogn og Fjordane

Hornindal Fotball IL  Foto: Hornindal Fotball IL

Sport

Sjølv om Hornindal vart ein del av Volda kommune og Møre og Romsdal fylke frå nyttår blir klubben likevel å sjå i Nordfjordfotballen komande sesong, skriv avisa Fjordingen.

I november i fjor var det framleis ikkje bestemt kva for ein krets fotballgruppa skulle høyre til. Fotballgruppa i Hornindal har hatt valet mellom framleis å høyre til Sogn og Fjordane fotballkrets, eller å bli med i Sunnmøre fotballkrets.

Samrøystes vedtak

Årsmøtet i fotballgruppa 26. januar støtta samrøystes styret si innstilling om at fotballgruppa framleis skal vere ein del av NFF Sogn og Fjordane.

Dermed vil det også komande sesong vere duka for blant anna lokaloppgjer i 6. divisjon mellom Hornindal og Oppstryn.

Denne saka var først publisert i Fjordingen.