Tre KM-medaljar til Ørsta alpin

KM-gull til Mathea og Henrik

Ørsta-alpinistane trivst i fartsgreinene. Mathea og Henrik Stranden tok i helga KM-gull i Super G og Ariana Rebbestad tok sølv.

Gull og sølv: Mathea Stranden tok KM-gull i Super G og Ariana Rebbestead KM sølv på Bjorli søndag. Foto: Privat 

Sport

Vinteren så langt har vore utfordrande for dei som driv med vinteridrett. For dei lokale alpinistane blir det ein del reising og no har dei vore samla til fartshelg på Bjorli. Alle klubbane i Møre og Romsdal var til stades og det vart gjennomført to løp i fartsdisiplinen Super G. Etter at treningsdagane var unnagjort fredag og laurdag målte alpinistane krefter søndag. To renn vart gjennomført. Begge teljande i Sparebanken Møre-cup. Det siste rennet var og krinsmeisterskap.