Rekorddeltaking frå Ørsta IL friidrett i Ulsteinhallen

Innandørs klubbrekord J12: Julie Hovden Ryste (J12) hoppa 1,15 m i høgde. 

Sport

Før opninga av Nasjonalt innandørsstemne i Ulsteinhallen laurdag 25. januar hadde klubben sett ny "klubbrekord" med 43 påmelde utøvarar.

Under stemnet heldt det fram med 53 nye gode personlege rekordar, 16 nye klubb/aldersrekordar, seks nye klubbrekordar junior og senior og to resultat over 900 Tyrvingpoeng.

Johannes Eiksund (G17) spring raskare og raskare. Han sprang 60 m på gode 7,39. Ingen gut/mann i klubben har sprunge så fort på 60 m ute som inne. Dette vart ny PR og 975 Tyrvingpoeng, pluss ny klubbrekord MJ og MS. Til slutt tok han også heim alle dei klubbrekordane som er på 200 m innandørs med ny PR 24,34.

Johannes Eiksund (G17) vann 60 m og 200 m. Han sette klubbrekord på 60 m med gode 7,39. 

Amalie Tomasgard (J18/19) viste ei lovande sesongopning på 800 m. Ho sette ny PR på 2,28,57 som er ny klubbrekord KJ og KS.

Amalie Tomasgard (J18/19) viste ei lovande sesongopning på 800 m. Ho sette ny PR på 2,28,57 som er ny klubbrekord KJ og KS innandørs. 

Maria Mjelva Straume (J15) fek ei sterk tid og ny PR på 800 m med 2,31,20. Dette er klubbens nest beste tid på 800 m innandørs kvinner gjennom alle tider.

Det vart 16 nye klubb/aldersrekordar innandørs. Nokre av desse var: Aron Bjørdal Berg (G11) med 11,82 på 60 m hekk. Vemund Råheim Vatne (G12) 11,82 på 60 m hekk. Isak Vindfjell (G13) sette tre nye klubbrekordar: 60 m på 8,43, 200 m på 28,89 og 4,47 m i lengde. Filip Hoggen (G16) sette to G16-rekordar: Lovande 2,16,00 på 800 m (klubbens 3. raskaste mann på 800 m alle tider) og 5,08 m i lengde.

Julie Hovden Ryste (J12) hoppa 1,15 m i høgde. Ida Rebbestad Schjetne (J13) støytte 7,80 m i kule 2 kg. Elise Aarflot (J14) sette ny rekord i lengde 4,46 m. Thea Nilsen (J15) sette rekord med 7,45 m i kule 3 kg.

Gull og bronse på 60 m for J12: F. v.: Julie Hovden Ryste og Anne Pedersen Strømsøyen (Holmemstranda IL) delte førsteplass. Linnea Anine Høydalsnes Nes tok ein god tredjeplass. 

Arrangør av stemnet var Dimna IL. 230 deltakarar frå 21 klubbar var representerte.