Full pott for Ørsta

- Trur at vi kan klare opprykk

Anders Vatsaas spelte sin siste heimekamp for Ørsta denne sesongen. Han skåra seks mål mot Midsund.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Handballherrane til Ørsta har levert ein svært god sesong så langt. Denne helga var det kampar mot botnlaga Langevåg og Midsund som stod på programmet. Langevåg vart slått 24–18 på bortebane laurdag og søndag kom Midsund på besøk til Ørstahallen. Det vart ein svært målrik 1. omgang. Ørsta leverte godt angrepsspel, men klarte ikkje å sette eit godt forsvar. Det utnytta Midsund. Eitt minutt før pause var gjestene i leiinga 18-17, men Mohammad Aljajeh ordna utlikning. Dermed var det 18–18 til pause.