Sterk bortesiger for Volda

Volda-kaptein Kine Kvalsund var tilbake etter skade mot Haslum søndag. Aleksandra Zimny vart toppskårar for Volda med sju mål.   Foto: Jarle Mordal, Sunnmørsposten

Sport

Volda sine handballdamer reiste i helga til Oslo for å spele bortekamp mot Haslum. I heimekampen i fjor vart det ein jamne kamp som Volda vann med eitt mål. Volda tok initiativet i kampen søndag. Midtvegs i 1. omgang hadde gjestene opparbeida seg ei tremålsleiing på stillinga 9–6. Fem minutt før pause hadde leiinga auka til fire mål, men heimelaget kom med ein sluttspurt og pauseresultatet var 14–13 i favør Volda.

I det første kvarteret av 2. omgang følgde laga kvarandre. Pernille Ingebrigtsen gav Volda leiinga 21–18 og gjestene hadde initiativet i sluttfasen av kampen. Til slutt vart det 26-23-siger for Volda.

Med to nye poeng står Volda, Rælingen og Fjellhammer alle med tjue poeng etter femten serierundar. Dei tre laga kjempar om kvalifiseringsplassen til Eliteserien. Opp til Flint Tønsberg på 2.-plass er det fire poeng og Larvik som toppar 1. divisjon har 25 poeng.

Volda møter Rælingen på bortebane i neste kamp 2. februar.