Trenarduoen har signert

Kjell Einar Dagfinrud og Henning Nygård trenar damelaget til Ørsta også i 2020.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Damelaget til Ørsta sikra seg i fjor opprykk frå 4. divisjon. Dei siste sesongane har Kjell Einar Dagfinrud og Henning Nygård hatt trenaransvaret for lag. No er det klart at dei held fram som trenarar også i 2020-sesongen.

I tillegg er det klart at Ann Katrin Hjorthaug vert lagleiar for damelaget denne sesongen.

- Veldig positivt for damelaget som har mangla støtteapparat, heiter det frå sportsleg utval for jenter.

Før sesongen i 3. divisjon er det også fleire nye spelarar på plass. Andrea Aarsheim Johnsen har meldt overgang frå Volda, Amalie Flister kjem frå Åheim og Vibeke Nyli Innselset og Andrea Simonsen Aarø har signert frå Træff.