Tora debuterte for J17-landslaget

Tysdag spelte J17- landslaget til Noreg sin første landskamp i 2020. Tora Ose var med frå start mot Italia.

Debut: Tora Ose spelte sin første kamp for J17-landslaget tysdag denne veka. 

Sport

Landslaget er denne veka på plass i Italia og skal spele to kampar mot den asurblå fotballnasjonen. J17-landslaget er kvalifisert til eliterunden i EM-kvalifiseringa. Samlinga i Italia blir brukt som oppkøyring fram mot dei viktige kampane i mars.

Tora Ose har vore fast inventar i landslagstroppane til trenar Harry Hansen. Ørsta-jenta er med også på denne samlinga og var i startoppstillinga mot Italia tysdag. Arna-Bjørnar-spelaren spelte heile kampen som enda med 1-0-siger for vertsnasjonen. Dette var den første kampen for Ose på J17-landslaget.

– Eg hadde frykta at vi kom til å slite litt mot eit godt italiensk lag på denne tida av året, men det gjorde vi ikkje. Jentene jobba knallhardt og dei var frykteleg skuffa etter kampen, sa Hansen til fotball.no etter kampen.

Noreg spelte og mot Italia torsdag formiddag. Ose var kaptein for Noreg og spelte 1. omgang. Italia var i føringa 3-1 til pause og sluttresultatet vart 3-2 i favør vertane.