Tøff start for Hovdebygda

Hovdebygda møter Herd i første seriekamp i 4. divisjon 

Sport

Terminlista for lokalfotballen i 4.- og 5. divisjon har no blitt offentleggjort. Hovdebygda som denne sesongen spelar i 4. divisjon får ein tøff start på sesongen når Herd kjem på besøk 17. april.

Ørsta som tok steget ned i 5. divisjon etter sesongen i fjor startar og på heimebane. Stranda gjestar Ørsta stadion 16. april.