Frå Åmdal til Ørsta

Vebjørn Steinnes er tilbake i Ørsta. Her saman med Audun Lillebø for Åmdal i fjor.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

I lokalfotballen er laga i gang med sesongoppkøyringa og førebuingane for komande sesong. Det betyr også nokre overgangar for spelarar.

Åmdal har mista målvakta frå i fjor Lars-Erik Telseth. Sisteskansen og voldingen har signert for Volda. I tillegg har Vebjørn Steinnes og Sjur Sjurson Bjørdal meldt overgang til Ørsta.

Det er og klart at Bjørn Otto Holsvik går frå Volda til Hovdebygda.

For damelaget til Ørsta er også nye spelarar klare. Andrea Aarsheim Johnsen har meldt overgang frå Volda, Amalie Flister kjem frå Åheim og Vibeke Nyli Innselset og Andrea Simonsen Aarø har signert frå Træff.

Ørsta-jenta Signe Vinjevoll er klar for spel i Volda etter overgangen frå Blindheim.