Dobbelkamp og nysignering for KFUM Volda

Kamphelg: KFUM Volda er klare for to eliteseriekampar i helga etter ei lengre kamppause. Foto: Erlend Krumsvik/KFUM Volda 

Sport

Etter ein månads kamppause, er KFUM Volda i helga klar for dobbelkamp i Mizunoligaen i volleyball, mot Førde på laurdag og mot Viking på søndag.

KFUM Volda har bak seg ein god treningsperiode, og tok ingen pause i jula. Laget er tilnærma skadefritt.

Volda-damene har hatt ein svært sterk haustsesong, med fire sigrar og tre knepne tap. Laget har verkeleg vist at dei har noko i eliteserien å gjere, og er kanskje den største positive overrraskinga i Mizonoligaen. Seks av dei første kampane har gått på heimebane, så no i vår blir det ein del tøffe bortekampar.

Voldaretur for Eline

Stallen er styrka med Volda-jenta Eline Vik Henriksen, men ho er ikkje på plass for fullt endå, så det er litt usikkert kva kampar ho blir tilgjengeleg i.

Lokaloppgjer laurdag

Laurdag er det Førde som er motstandar i Førdehuset. Laget frå nabofylket har vore eit av dei desiderte topplaga dei siste åra. Sist sesong tapte laget sluttspelfinalen, men gjekk heilt til topps i cupen. Før denne sesongen har det vore ein del utskiftingar, og laget har svinga litt i prestasjonane, men dei greidde å ta seg til semifinale i cupen. Ein av dei sentrale spelarane denne sesongen er tidlegare KFUM Volda-spelar Sara Marie Krumsvik. Ho er oppflaska i KFUM Volda, men har dei tre siste åra gått på vidaregåande skule ved ToppVolley Norge i Rogaland. I heimekampen mot Førde vann KFUM Volda overtydande 3-0, men Sunnfjordlaget har styrka laget i løpet av sesongen.

Bergensoppgjer søndag

Søndag er det TIF Viking som er motstandarar i Bergen. Det er eit lag som har mange år bak seg i eliteserien, men som ikkje har fått noko god utteljing så langt i sesongen. KFUM Volda slo dette laget i serieopninga, men det var ein tett og jamn kamp. Volda møtte også dette laget i opningsturneringa i Bergen før sesongstart. Då vann Viking første kamp i puljespelet, medan KFUM Volda trekte det lengste strået i finalen i den same turneringa.

Kampane i helga blir vist på Nettavisen Sport, men håper at dei som har høve til det tek turen til Sunnfjord og Bergen.