Lerøyserien til Ørstahallen

– Når vi møter dei aller beste laga i serien så må vi vere realistiske

Søndag vil nokre av dei beste unge handball- spelarane på gutesida i landet vere i aksjon i Ørstahallen. Heimelaget ønsker å vise seg frå si beste side og prøve å få dei første poenga i Lerøyserien.

Tøff motstand: Ørsta har ein skadefri tropp før kampane mot Falk Horten og Haslum i Lerøyserien søndag. Mathias Welle Aam blir ein viktig spelar for Ørsta søndag. Foto: Joachim Kroken Åsebø/Arkiv 

Sport

Ørsta sitt G18-lag kom seg gjennom kvalifiseringa og spelar i år i Lerøyserien, eliteserien for G18-lag i Noreg. Alle laga har spelt to kampar så langt denne sesongen. Søndag skal Ørsta spele sine to første kampar på heimebane i Ørstahallen. Motstandarar er Falk Horten og Haslum.