Saman frå knøttefotball til Toppserien

– Det er litt spesielt at to av sju spelarar frå laget på Vartdal no spelar på det øvste nivået i Noreg

Held saman: Synne Masdal og Birgitte Bjørlykhaug har halde saman på og utanfor fotballbana sidan dei var små. No spelar begge for Toppserie-klubben Røa. 

Sport

Det er mange unge fotballspelarar som har ein draum om å nå langt. Nålauget er trongt og det er nok av historier om karrierar som det kunne blitt noko av. Då Birgitte Bjørlykhaug (19) og Synne Masdal (18) tok på seg den blå Vartdal-drakta for første gong hadde ingen av dei tenkt at fotballen skulle få ein stor plass i livet. Sidan dei var seks år gamle har dei halde saman, både på og utanfor fotballbana. Frå leik og glede med knøttefotball, via NM-sølv med Herd til Toppserie-spel for Røa.