Ny målvakt på plass for Hovdebygda

Signert: Kristoffer Volden har signert for Hovdebygda. Her saman med trenar Kenneth Nydahl. Foto: Hovdebygda IL fotball 

Sport

Hovdebygda har signert Bjørnar Holen før komande sesong i 4. divisjon, og no er ny målvakt på plass.

Kristoffer Volden er no klar for spel i Hovdebygda. Han har nokre kampar for Træff i 3. divisjon og spelt ei rekkje kampar for Træff 2, Averøykameratene og Elnesvågen i 4. divisjon.

– Kristoffer gjekk på toppidrett på Molde vidaregåande skule og trente regelmessig med spelarar og trenarar frå Molde-systemet. Han er ein offensiv målvakt, med stort konkurranseinstinkt og som likar å spele ut bakfrå. I tillegg til å vere teknisk god, opplyser Hovdebygda.

– Mi største styrke er at eg tek mange gjennombrotspasningar og reaksjonsredningar, seier den nye Hovdebygda-målvakta.

Dermed har Hovdebygda no to målvakter i stallen.

– Eg er veldig glad med målvaktsteamet mitt, seier trenar Kenneth Nydahl.