Tok del i Noregs største miniatyrstemne

Miniatyrstemne: Viljar Riksheim, Lina Riksheim, Asbjørn Myklebust og Ask Aarsæther, saman med Trond Petter Lystad, tok del i Noregs største miniatyrstemne i helga. 

Sport

I år som i fjor reiste ein gjeng til Norges største miniatyrstemne Oslo Open med 1200 påmeldt og Norma Open med 1000 påmeldt.

I år var det berre 5 stk. som tok turen. Dei var Ask Aarsæther, Viljar Riksheim, Lina Riksheim, Asbjørn Myklebust og Trond Petter Lystad.

Det var mykje god skyting, Lina gjorde det veldig bra på begge stemna, med 246 på Oslo Open og 248 poeng av 250 på Norma Open med 150 på 15 skot.

Skyting: Dei lokale skyttarane leverte mykje god skyting under stemna i Oslo. 

Norma Open hadde lagskyting for første gang der det var ein liggande skyttar, ein kneståande skyttar og ein ståande skyttar. Der laget kom midt på treet. På laget var Lina, Ask og Asbjørn

I tillegg var det mykje sosialt samvær med felles middagar og handleturar.