Tøft for Ørsta i Lerøyserien

Ørsta spelte dei første kampane i Lerøyserien laurdag.  Foto: Ørsta IL handball

Sport

Første serierunde i Lerøyserien for G18-lag vart spelt laurdag. Ørsta kvalifiserte seg for spel i det som er eliteserien for G18 i Noreg. I Lerøyserien spelar mange av største handballtalenta på gutesida i Noreg, og det er mykje tøffare motstand enn det Ørsta-spelarane er vande med i regionserien. Målet for Ørsta er å levere gode prestasjonar denne sesongen.

Laurdag morgon var Fold- St.Hallvard første motstandar for Ørsta. Etter ein jamn start på kampen var det Fold- St.Hallvard som tok initiativet i kampen. Midtvegs i kampen var stillinga 10-5. Ørsta gjorde ein god siste halvdel av 1. omgang. Til pause var Fold- St.Hallvard i leiinga 13-9.

I starten av 2. omgang auka leiinga før Ørsta kom skikkeleg i gang. Tolv minutt ut i omgangen var stillinga 22-17. Fold St. Hallvard var best i avslutninga av kampen. Sluttresultatet vart 31-21.

Om ettermiddagen var det Bækkelaget som stod på motsett banehalvdel for Ørsta. Målvakt Marius Osborg fekk ei avslutning i hovudet og måtte av bana. Ørsta hadde ikkje målvakt på benken og difor vart det vanskeleg for det lokale handballgutane. Yngve Ingebrigtsen melde seg frivillig og stod i mål for Ørsta. Bækkelaget vann til slutt 35-13.