Herrelandslagstrenar inspirerte i Ørstahallen

- Fenomenalt det dei har fått til her

Tomac hadde treningar med J14-, J16-, G16- og G18-spelarane til Ørsta. 

Sport

Zeljko Tomac har i 35 år vore ein viktig brikke i det norske handballmiljøet. Kroaten har trent Wing, Sjetne IL, Heimdal og Bækkelaget. Han har og vore landslagstrenar for Kroatia sitt kvinnelandslag og Noreg sitt U-landslag. No er han assistenttrenar for det norske herrelandslaget som er eitt av dei beste i verda. Torsdag kveld hadde han funne tid i sin hektiske timeplan til å legge turen til Ørsta. Både Lars Øie og Stian Aasen, som i dag er trenarar i Ørsta IL handball, har hatt Tomac som trenar på starten av 2000-talet. Klubben tok initiativ til å invitere Tomac til Ørsta, og den handballkyndige trenaren likte det han såg.