No skal klubbhuset på Sæbø pussast opp

– Arbeidet byrjar rett over nyttår

Gåve: Avdelingsbanksjef Ole-Magnus Orlien hadde med seg ein sjekk på 200.000 kroner til Sæbø IL tysdag. Same kveld hadde dei aldersbestemte laga i klubben sesongavslutning på klubbhuset. Foto: Privat 

Sport

Nye garderober står øvst på arbeidslista når klubbhuset på Sæbø skal rustast opp. Tysdag fekk idrettslaget midlane som gjer at prosjektet kan startast.

– Det er heimegarderoben som står først for tur. Arbeidet startar rett over nyttår. Det har ikkje blitt gjort noko i denne delen av klubbhuset sidan det var nytt i 1986. Kjøkkenet har tidlegare blitt pussa opp og no er det på tide å byrje på garderobene. Det neste steget er å ta bortegarderoben, seier Aanon Aanonsen som er leiar i Sæbø Idrettslag.

Tysdag kveld var det avslutning for dei aldersbestemte laga i fotballgruppa. Til stades var også idrettslaget sin hovudsponsor Sparebank 1 Søre Sunnmøre. Banken og klubben har forlenga sponsoravtalten for tre nye år, og i tillegg hadde banken med ei pengegåve på 200.000 kroner til arbeidet med klubbhuset.

– Denne gåva gjer at vi kan sette i gang med arbeidet, og det er ei gåve som vi set veldig stor pris på, seier Aanonsen.

Idrettslaget har planar om å få ruste opp heile klubbhuset.

– Etter kvart som vi får midlar til det vert det ei heilrenovering av klubbhuset. Det er mykje som står på lista og som skulle vore gjort. Bygget er ikkje akkurat nytt. Det er behov for å oppgradere det elektriske anlegget og bytte vindauge.

Arbeidet som no skal gjerast vil skje både på dugnad og med innleigd arbeidskraft.

– Det første steg skal etter planen vere ferdig til 1. mars. Vi må vere ferdig til sesongstart, i tillegg har vi leigd ut store delar av bygget i mars. No byrjar vi på arbeidet rett over nyttår. Timeplanen og økonomien styrer kor mykje vi klarer å gjere.