Myklebust klar for nyopprykte Volda

Knut Erik Myklebust har signert for Volda. Her saman med trenar Lars-Petter Rønnestad.  Foto: Volda TI fotball

Sport

Volda er i gang med å forsterke stallen etter opprykket til 3. divisjon. I dag vart det klart at ørstingen Knut Erik Myklebust blir å sjå i Volda-drakt komande sesong.

- Knut Erik har trena med oss sidan returen frå Island i september, og imponert oss stort. Ei kruttønne av ein spelar med enorm løpskraft, han har stor fart og er god både feilvendt og i boks. Ein notisk målskårar som har snitta nesten ei skåring per kamp i 4. divisjon, og som vi meiner har store utviklingsmoglegheiter. I tillegg passar han perfekt inn i gruppa vår, seier Volda-trenar Lars-Petter Rønnestad på klubben sine Facebook-sider.

Myklebust har vore ei viktig brikke i Ørsta dei siste sesongane. Spissen spelte vårsesongen i Ørsta og på tolv kampar vart det tolv mål. Deretter gjekk turen til Höttur i islandsk 3. divisjon.