Håskjold Nyland får ikkje halde fram som Hødd-trenar

Sander Håskjold Nyland.  Foto: Linda Eikrem - Vikebladet Vestposten

Sport

Måndag kveld innstite styret i Hødd Kevin Knappen som ny hovudtrenar for Hødd. Denne sesongen har Sander Håskjold Nyland vore trenar for Hødd i Obos-ligaen. Etter sesongen har han uttalt at han ville halde fram i jobben, men no har Hødd innstilt Knappen til jobben. Håskjold Nyland vil halde fram i Hødd, men det er ikkje avklart kva rolle dette blir.

Styret i Hødd vonar å bli samde med Knappen i løpet av kort tid.

- Styret i Hødd Fotball vil samtidig takke Sander Håskjold Nyland og hans team for godt levert arbeid i sesongen 2019 og ser frem til å fortsatte samarbeidet i kommende år, heiter det ei pressemelding frå klubben.