Hareid og Fortuna vann i Ørstahallen

28 seniorlag tok del i det uoffisielle KM i futsal i Ørstahallen i helga. Hareid vann på herresida og Fortuna vann kvinneklassa.

TOK GULL: Hareid slo Blindheim 1-0 i finalen. Med på laget var Henrik Hareide Holstad (bak f.v), Steffen Ekern Glosvik, Rikard Johannes Osnes, Håvard Knudsen Bjåstad, Ørjan Engen Grimstad, Kenneth Moldskred (trenar). William Valde Bigset (fremme f.v), Kim A. L. Alvestad, Sebastian Hansen Bjørlykke og Andeas Nesset. FOTO: EINAR ORTEN TROVÅG 

Sport

Dei lokale laga var godt representert då Ørsta IL fotball arrangerte uoffisielt KM i futsal laurdag. Ørsta som stilte med tre lag på herresida og to på kvinnesida gjorde det best av dei lokale. Ørsta 1 tok seg til semifinale der dei møtte Blindheim 1. Simen Tømmerbakk Flekke gav Ørsta leiinga, men Blindheim snudde kampen og vann 2-1. I finalen møttest Blindheim og Hareid. William Valde Bigset skåra det einaste målet i finalen som gjorde at Hareid vann tuneringa.

På kvinnesida var ti lag påmeldt. Ikkje uventa gjorde Fortuna det godt. Folkestad spelte seg fram til semfinale mot Fortuna 2. Det enda med 3-0-tap.

I finalen vart det ein rein Fortuna-duell. Cecilie Otterlei skåra det avgjerande målet for Fortuna 1 som vann finalen 2-1.

Tømmerkbakk Flekke vart den mestskårande av dei lokale spelarane med totalt fem mål i turneringa. Otterlei vart toppskårar på kvinnesida med ti mål og Bjørnar Johansen (Blindheim) skåra flest på herresida med sju mål.