Synne debuterte for Noreg

Synne frå Vartdal fekk vere med å slå England

Synne Masdal debuterte for Noreg fredag   Foto: Røa Fotball Elite

Sport

Jenter 19-landslaget spelar privatlandskampar i Portugal mot sterke motstandarar. Fredag slo Noreg England 1-0. Noreg kunne dermed notere seg for den fjerde kampen på rad utan baklengsmål, og det sjette strake sigeren i 2019, skriv Norges Fotballforbund på sine heimesider.

Synne Masdal vart tatt ut i landslagstroppa for første gong, og fekk debutere i andre omgang av kampen. Ho var ein av tre debutantar på landslaget og alle fekk skryt av landslagstrener Alexander Straus.

- Det er ikkje lett å kome inn ein stad der ein kanskje spelar eit annet system enn du gjer i klubbkvardagen saman med fleire andre i liknande situasjon. Det var ikkje berrre disse tre debutantane som leverte, det gjorde også dei som har vore med før, men som kanskje ikkje har spelt like mykje, seier Straus.

Søndag ventar ein ny tøff motstandar: Nederland.

Synne Masdal spelar i eliteserien for Røa.