Volda tapte toppkampen

Lone Vik (biletet) og Hanna Ræstad vart toppskårar for Volda i 29-20-tapet mot Flint Tønsberg søndag.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Onsdag denne veka gjekk Volda på sitt første tap i 1. divisjon denne sesongen. Søndag var det klart for ein tøff bortekamp for handballdamene. Flint Tønsberg hadde like mange poeng som Volda før kampen, og det var berre målskilnaden som gjorde at Volda toppa divisjonen.

Laga følgde kvarandre tett gjennom store delar av 1. omgang. Skåringar av Ingrid Rye og Hanna Ræstad gjorde av Volda var i leiinga 12–9 sju minutt før pause. Då pausesignalet gjekk hadde vertane knappa inn på leiinga med eitt mål, men Volda leia 14–12 midtvegs.

Ti minutt ut i 2. omgang hadde heimelaget snudd kampen. Volda klarte å halde avstanden på to mål til det stod att eit kvarter av kampen. Volda sleit i angrep og gjekk ein periode på tolv minutt utan skåring. Heimelaget utnytta sine sjansar og var i føringa 26–19 med fem minutt att av kampen. Bortelaget noterte seg for ei skåring i avslutninga av kampen, medan Flint fekk tre. Dermed vart det 29-20-siger for Flint Tønsberg.

Ræstad og Lone Vik vart toppskårar for Volda med fem mål kvar.

Flint Tønsberg og Volda byter plass på tabellen etter denne serierunden. Om Fjellhammer vinn sin kamp vil dei også passere Volda på tabellen. Komande helg kjem Førde på besøk til Voldahallen.