Volda på god veg mot opprykk

Volda slo KBK 2 i første kvalifiseringskamp om opprykk til 3. divisjon.  Foto: Joachim Åsebø/Arkivfoto

Sport

Søndag vart den første kvalifiseringskampen om opprykk til 3. divisjon i fotball for herrar spelt. Volda vann 4. divisjonsavdelinga på Sunnmøre og møter KBK 2 i kvalifiseringa. På heimebane var det KBK 2 som ikkje uventa hadde ballen mykje i opninga av kampen. Det heimelaget klarte å skape av sjansar redda Volda-målvakt Harry Brooks. Utover i omgangen kom Volda meir med i kampen. Etter 37 minutt sende Fredrik Kvalsnes gjestene i leiinga. Volda hadde ein ball til i mål før pause, men skåringa vart annullert.

Etter kvilen jakta KBK 2 utlikning, men laget sleit med å skape store sjansar. Volda-forsvaret med midtstopparparet Runar Aahjem Løvold og Rasmus Aarflot leverte ein god kamp for gjestene. Kvalsnes trudde at han hadde dobla leiinga for Volda, men igjen vart det annullering. Tobias Evebø stanga inn 2-0 til Volda etter 74 minutt. Gjestene hadde god kontroll gjennom heile 2. omgangen. Ein solid prestasjon gav 2-0-siger.

Med siger har Volda sikra seg eit svært godt utgangspunkt for returoppgjeret neste laurdag. Med ein like god prestasjon på heimebane vil Volda rykke opp og spele i 3. divisjon neste sesong.