Ørsta tilbake på vinnarsporet i lokaloppgjer

- Årsverste av oss

Mathias Welle Aam vart toppskårar med sju mål.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Ørsta var klare favorittar heime mot Langevåg søndag ettermiddag. Gjestene ligg i botnen av 3. divisjon, medan Ørsta kjempar heilt i toppen. I starten av kampen var det ikkje lett å sjå at dette var ein kamp mellom topp- og botnlag. Langevåg skåra på sine to første angrep, medan Ørsta hadde startvanskar. Midtvegs i omgangen gav Ruben Rekkedal Nydahl heimelaget leiinga 7–6. Det offensive spelet betra seg litt for Ørsta utover i omgangen, men laget har vist seg frå ei mykje betre side tidlegare i sesongen. Fem minutt før pause gav Erik Melle Scharning Ørsta leiinga 13-10, og laga gjekk til pause på stillinga 14–12 til vertane.