Ørsta arrangerer KM futsal

Ørstahallen vert arena for KM futsal for seniorlag i slutten av november.  Foto: Ørsta kommune

Sport

Gjennom fleire år har det vore lite påmelding i futsalserien på seniorsida. I år har Ørsta IL fotball i samarbeid med Sunnmøre fotballkrets bestemt seg for å arrangere eit KM i futsal over ei helg. Dette skjer i Ørstahallen 23.- og 24. november.

- Vi veit at dette har vore populært tidlegare og håper at klubbane vil vere med på å få i gang innefotballen på Sunnmøre igjen, heiter det frå Ørsta IL fotball.

Det vert både herre- og dameklasse, og gratis inngang for publikum gjennom heile helga.