Volda spelar i Ørstahallen

Seriekampen mot Rælingen onsdag kveld er flytta frå Voldahallen til Ørstahallen.

Volda skal spele i Ørstahallen i kveld.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

1. divisjonskampen mellom Volda handball og Rælingen er flytta frå Voldahallen til Ørstahallen. Årsaka er røykutviklinga i Voldahallen tidlegare i dag (onsdag).

Kampen skal gå kl. 18.00 onsdag kveld, og skal spelast på bane 3.