Noreg og Tora klar for eliterunden

Jubel: Tora Ose leverte tre god landskampar saman med J16-landslaget på Færøyane. Her saman med målvakt Selma Panengstuen. Foto: privat 

Sport

I siste kamp i EM-kvalifiseringa på Færøyane vart det 5-0-siger for Noreg over Slovenia.

Dermed vart det ni poeng og ein målskilnad på 22–0 for Tora Ose og det norske J16-landslaget. Ørsta-jenta var igjen i startoppstillinga mot Slovenia og spelte alle tre kampane på Færøyane. Mot Aserbajdsjan skåra Ose sitt første landslagsmål.



Med gruppesiger på Færøyane er Noreg klar for eliterunden og det siste steget før EM-spel. Noreg blir førsteseeda inn i eliterunden, men motstanden vil uansett bli tøffare enn på Færøyane. I eliterunden blir det eit nytt gruppespel. Nasjonar som Sverige. Danmark, Frankrike, Tyskland, Hellas, Ungarn, Island, Polen, Irland, Russland, Spania, Sveits og Tyrkia er saman med Noreg kvalifisert.