Første landslagsmålet for Tora i kalassiger

Tora Ose vann hovudduellen og skåra sitt første landslagsmål mot Færøyane torsdag.  Foto: Privat

Sport

Noreg sitt J16-landslag er no på Færøyane for å spele EM-kvalifisering. Vertsnasjonen var motstandar i første kamp og Tora Ose var i startoppstillinga. Noreg var i leiinga 5-0 etter 24 minutt. Etter 31 minutt var Ose først på eit hjørnespark og auka leiinga til 6-0 med sitt første landslagsmål. Etter kvilen skåra Noreg seks mål til og fekk dermed ein svært god start på kvalifiseringa på 12-0-siger.

Noreg vann kampen mot Færøyane 12-0.  Foto: Privat

I tillegg til Særøyane er Slovenia og Aserbajdsjan i gruppa til Noreg. Dei to beste laga går vidare frå gruppa og til eliterunden, i tillegg til dei fire beste 3. plassane i dei elleve ulike kvalifiseringsgruppene. I eliterunden blir det eit nytt gruppespel som avgjer kven som skal spele EM i Sverige.

På søndag er ny kamp for Ose og det norske laget. Då er Aserbajdsjan motstandar.

Noreg slo Færøyane torsdag. Tora Ose (nr 13) skåra sitt første landslagsmål i kampen.  Foto: Jeanette Kristiansen Ringstad, NFF