Vil skape eit større miljø rundt jente- og damefotballen

– Ta kontakt med oss

Opprykk: Damelaget til Ørsta rykka i år opp til 3. divisjon. No er det eit ønske om å skape eit større miljø runde jente- og damefotballen i Ørsta. 

Sport

– Om det er nokon som har lyst til å engasjere seg rundt jente- og dame-fotballen i Ørsta så vil vi gjerne kome i kontakt med dei.

Oppmodinga kjem frå sportsleg leiar Ellen Marie Bjørdal Eikenes i sporstleg utval for jenter og Ane Forr Austnes som er medlem i utvalet i Ørsta IL fotball. Det er stor aktivitet rundt jente- og damefotballen i Ørsta, og då trengst det fleire som bidreg rundt kampane.

Ellen Marie Bjørdal Eikenes og Ane Forr Austnes. 

– Vi har ei rolle til alle som kan tenke seg å bidra. Sportsleg utval skal ha fleire medlemmer. Damelaget har rykka opp til 3. divisjon og treng eit større støtteapparat rundt laget. T.d. treng laget ny lagleiar (oppmann), nokon som kan vere kampvertar og ta seg av det praktiske rundt heimekampane. Her er det oppgåver som å klargjere bana, ta i mot motstandarlag og lage til frukt til spelarane. Ein speaker hadde også laga ei betre ramme rundt kampane.

Miljøet rundt damefotballen er godt.

– Det er eit kjekt miljø med veldig positive spelarar som stiller opp, seier Bjørdal Eikenes.

– Viss vi får fleire til å engasjere seg blir det mindre å gjere på kvar enkelt, og kjekkare blir det i lag.

Både nasjonalt og internasjonalt er det ei auka satsing på jentefotball. Ørsta IL fotball er med på Jenteløftet, som er eit samarbeid mellom Sunnmøre fotballkrets, idrettskretsen og Møre og Romsdal fylkeskommune. Hovudmålet med prosjektet er å få fleire jenter til å spele fotball lenger.

– Vi har veldig mange aktive jenter og damer som spelar fotball. Det er viktig for oss å behalde spelarar, også på seniornivå. Jentene skal blitt tatt på alvor, og dei legg ned like mange timar gjennom ei veke som gutane gjer.

Damelaget, som skal spele på eit nivå høgare neste år, er og på jakt etter rutinerte spelarar.

– Dei må gjerne kontakte oss, kome på trening og vise seg fram.