Thriller i Voldahallen

- Veldig godt fornøgd med sigeren

Lone Vik skåra Volda sitt siste mål i sigeren mot Haslum søndag.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

- Vi var eit betre lag enn Haslum gjennom heile kampen og burde vunne med fleire mål. Vi gjer mykje rett, men så gjer vi også mykje dårlege val. Til slutt så skårer vi tretti mål og det er eit steg fram for oss. Haslum er eit bra lag så eg er veldig godt nøgd med dei to poenga og med sigeren, sa Volda-trenar Halldor Stefan Haraldsson etter at Volda hadde slått Haslum 30-29 på heimebane søndag kveld.