Nye rekruttar for skyttarlaget

Rekruttar: Hovdebygda og Ørsta skyttarlag har gjennomført skyteskule med god deltaking. Foto: Hovdebygda og Ørsta skyttarlag 

Sport

Hovdebygda og Ørsta skyttarlag har gjennomført skyteskule for 12 nye rekrutter siste vekene.

Leiar i Hovdebygda og Ørsta skyttarlag Kent Riksheim seier at vi har hatt leksjonar med teori og praktisk skyting kvar kveld i 5 veker. Sjølv om det alltid er artig å treffe i midten for både unge og gamle fokuserer vi vel så mykje på sikkerheit og trygg bruk av skytevåpen. Om ungane sitt igjen med gode vaner med våpenbruk så er målet oppnådd for skyteskulen. Så håper vi at flest mulig ønsker å fortsette trening etter skyteskulen og bli med på stemne i nærmiljøet som byrjar i november.


Det fine med skytesporten er at vi kan ta imot nybegynnarar i alle aldrar, og vi har eksempel på aktive som har begynnt godt etter pensjonist alder så alle er velkommen å prøve hos oss. Her kan ein oppleve mestring uansett alder i ein heilt kjønnsnøytral idrett.

Skyteskulen vart avslutta med uhøgtidligkonkurranse, diplomutdeling og pizza.