Full pott for KFUM Volda

KFUM Volda jubla etter sigeren mot TIF Viking laurdag. Søndag vart det siger mot Førde.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Laurdag tok KFUM Volda sin første siger i eliteserien i volleyball på 43 år. Då var TIF Viking frå Bergen motstandar. Søndag var det ny kamp for Volda og Førde var mostandar. Gjestene har hevda seg godt på øvste nivået i Noreg gjennom mange år, men i Volda var det heimelaget som var best. Det første settet vann KFUM Volda 25-19 og tok leiinga i kampen 1-0. I 2. sett dominerte Volda og sikra seg 2-0-leiing med 25-11 i settsiffer. KFUM Volda hadde ei solid leiing i 3. sett. Førde klarte å kappe ned på leiinga, men med 25-22 i settsiffer sikra heimelaget seg sin andre strake siger i Mizonoligaen for kvinner.


KFUM Volda jubla for første siger i eliteserien

- Ein perfekt start for oss


Dermed har Volda fått ein perfekt start på sesongen i eliteserien. Neste laurdag blir det meir volleyball i Voldahallen. Då kjem Randaberg på besøk. Gjestene slo både NTNUI Volleyball og BK Tromsø i opningshelga, og både Volda og Randaberg står dermed med full pott etter første runde i eliteserien.