KFUM Volda jubla for første siger i eliteserien

- Ein perfekt start for oss

Blide: Heimelaget var godt nøgde med siger i første kamp i eliteserien.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Det vart spenning og nerve då KFUM Volda sitt damelag var tilbake på toppnivået i Noreg laurdag. Motstandar var TIF Viking frå Bergen. Mange hadde tatt turen til Voldahallen laurdag for den historiske kampen, og heimepublikummet laga god stemning kampen gjennom. I sesongoppkøyringa vart det siger for KFUM Volda mot TIF Viking, og heimelaget tok også føringa i kampen ved å vinne første sett 28-26. I andre sett slo gjestene tilbake og utlikna til 1-1 med settsiffera 25-21. Bergenslaget hadde initiativet i 3. sett ei god stund, men Volda klarte å snu det. Heimelaget var klart best i siste del av settet og tok leiinga i kampen att med settsiger 25-17.