Ekstremt viktig Ørsta-siger

- Sigeren i dag var ein liten positiv ting i ei elles sår veke

Blide Ørsta-spelarar etter at Mats Øvrebotten sende heimelaget i leiinga.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Tre poeng skilte Ørsta og Norborg/Brattvåg 2 før den 19. serierunden i 4. divisjon fredag. I kaldt oktobervêr var det heimelaget som starta kampen klart best. Etter to minutt slo Ørsta-kaptein Sjur Haug eit frispark inn i feltet. Mats Øvrebotten vann hovudduellen og sende heimelaget i leiinga. Ørsta heldt fram trykket.