Eliteseriespel i Voldahallen

Volda tilbake i toppdivisjonen for første gong på 43 år

Sesongstart: Laurdag startar KFUM Volda sesongen i Mizunoligaen heime mot TIF Viing. Rali Emilova vert ein av nøkkelspelarane til Volda denne sesongen.   Foto: Einar Juliebø

Sport

Startskotet for Mizonuligaen går no i helga. I fjor tok KFUM Volda steget opp frå 1. divisjon og skal i år måle krefter med volleyballeliten i Noreg. Volda startar sesongen heime i Voldahallen. Laurdag er TIF Viking frå Bergen motstandar.

– Det er eit lag som har mange år bak seg i eliteserien, men som ikkje har kjempa heilt i tetsjiktet. KFUM Volda møtte dette laget for to veker sidan i opningsturneringa i Bergen. Då vann Viking første kamp i puljespelet, medan KFUM Volda trekte det lengste strået i finalen i den same turneringa, skriv KFUM Volda i ei pressemelding.

Søndag er det ny kamp for Volda og då er Førde motstandar.

– Laget frå nabofylket har vore eit av dei desiderte topplaga dei siste åra. Sist sesong tapte laget sluttspelfinalen, men gjekk heilt til topps i cupen. Før denne sesongen har det vore ein del utskiftingar, og ein av dei sentrale spelarane denne sesongen vil vere Volda-jenta Sara Marie Krumsvik. Ho er oppflaska i KFUM Volda, men har dei tre siste åra gått på vidaregåande skule ved ToppVolley Norge i Rogaland.

KFUM Volda har lagt bak seg ei god sesongoppkøyring. Seinast med Eliteturneringa førre helg. Her møtte KFUM Volda NTNUI frå Trondheim og vann to kampar 2-1, medan det mot ToppVolley Norge frå Rogaland vart tap 1–2 i to kampar.

– Laget har trent godt heile sommaren, og har greidd å halde på spelarane som var med på å kvalifisere laget for eliteserien. Viktige Rali Emilova frå Bulgaria har valt å ta ein ny sesong i Volda. I tillegg er laget forsterka med Jenny Juliebø frå Blindheim. Etter å ha vunne opningsturneringa i Bergen, har KFUM Volda delteke i eliteturneringa i Volda sist helg.

Trenar Vlado Todorov er nøgd med utbyttet frå sesongoppkøyringa etter å testa ut nye spelarar og nye formasjonar. Dette lovar godt for debuten i eliteserien som startar denne helga. No vonar klubben at publikum stiller opp for å sjå volleyball på toppnivået i Voldahallen.

– Vi vil bli i Eliteserien. Dermed kan vi ikkje gjere lette feil. Spelarane veit kva eg ser etter og forventar av dei, og dei veit kva dei forventar av seg sjølve. Det er vinn eller forsvinn, og det må vi leve med, seier Todorov til Sunnmørsposten.

Desse spelarane er i elitestallen til KFUM Volda: Vilde Femsteinevik Stakseng, Ralitsa Georgieva, Marie Brænde, Maria Iossifova Todorova, Ingvild Sofie Beck Langvatn, Silje Strand, Ylva Ullaland Bjørdal, Julie Berg Bakkebø, Johanna Vikan Bø, Julie Brænde Helle, Hedda Jonette Øvereng, Nora Jenny Øvereng, Jenny Juliebø og Siri Stranden.