Frøland-dobbel avgjorde lokaloppgjer

- Vi vann fortent

Yngve Frøland ordna 2-0-leiing heilt på tampen av kampen.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Den siste heimekampen for Vartdal vart spelte onsdag kveld under flaumlys og etter kvart regn. Sjølv om det var lokaloppgjer mot Sæbø vart det ikkje altfor mykje underhaldning for publikum gjennom dei første førtifem minutta. Begge laga kom til halvsjansar i opninga, Rolf-Audun Vartdal for heimelaget og Martin Sandbakk for gjestene. Etter sytten minutt fekk Andreas Gamlem hovudet på ballen etter eit hjørnespark. Avslutninga gjekk i tverrliggjaren før bortelaget fekk avklart. Ti minutt seinare slurva målvakt Mats Riise på eit utspel. Rolf-Audun Vartdal prøvde å lobbe ballen i mål, men Riise, som var utanfor 16-meteren, nytta hovudet og fekk rydda opp i eigen feil. Då det var spelt 32 minutt varta gjestene opp med godt kombinasjonsspel. Dei spelte seg gjennom ledda i Vartdal-laget og ballen hamna i beina til Yngve Frøland. Veteranen var sikker frå ti meter og sende Sæbø i leiinga. Inn mot pause prøvde begge laga å kome seg til sjansar, utan at det vart farleg. Dermed var stillinga 1-0 til pause.