Tora skal spele EM-kvalifisering

Noreg sitt lag mot Island. Tora Ose bak til venstre.  Foto: Jeanette Kristiansen Ringstad / NFF

Sport

Ørsta-jenta Tora Ose er ein av tjue spelarar som er i J16-landslaget sin tropp som skal spele EM-kvalifisering. Kvalifiseringa vert spelt på Færøyane i midten av oktober. Noreg skal møte Færøyane, Aserbaidsjan og Slovenia på vegen til EM.

Ose, som no spelar for Toppserie-klubben Arna-Bjørnar, har vore kaptein for Noreg både på J15- og J16-landslaget.