Ørsta eit steg nærare opprykk

Tap: Kaja Rekkedal skåra to mål då Ørsta tapte 4–3 mot Stranda/Sunnylven fredag. Arkivfoto 

Sport

Stranda/Sunnylven snudde kampen mot Ørsta sitt damelag fredag, men mykje skal til om Ørsta ikkje sikrar seg opprykk frå 4. divisjon.

Då kampen mellom Stranda/Sunnylven var sju minutt gammal sende Kaja Rekkedal bortelaget i leiinga. Den kjappe spissen skåra sitt andre mål i kampen etter 33 minutt, og tre minutt seinare ordna Helena Nygård 3-0-leiing for Ørsta.

Etter kvilen vakna heimelaget. Dei reduserte først etter 59 minutt. Seva Ansok Farstad skåra to mål på ti minutt og utlikna til 3–3. Heilt på tampen av kampen fastsette Pia Horremsbakk Bergersen sluttresultatet til 4-3-siger for Stranda/Sykkylven.

Sjølv med tap ligg det an til opprykk for Ørsta. Ravn 2/Brattvåg 2 toppar 4. divisjon, men kan ikkje rykke opp. Ørsta ligg på 2.-plass og har Hødd 2 bak seg på tabellen.

Ørsta møter Hødd 2 torsdag og avsluttar sesongen borte mot Spjelkavik /Herd 3 17. oktober.