Hovdebygda kutta avstanden til tabelltoppen

Siger: Robin Skuseth skåra to av måla då Hovdebygda slo Herd 2 5–1 torsdag. 

Sport

Hovdebygda gjorde jobben heime mot Herd 2 torsdag, og det tetnar til i kampen om opprykk.

Opprykkskampen i 5. divisjon står no mellom tre lag. Sykkylven toppar tabellen, med Hovdebygda og Langevåg på plassane bak. Heime mot Herd 2 torsdag tok det 13 minutt før Robin Skuseth sende Hovdebygda i leiinga. Elleve minutt seinare dobla Robert Roseth leiinga. Herd reduserte like etterpå, men på tampen av 1. omgang sette Oskar Telvik inn Hovdebygda sitt tredje mål for kvelden.

Tre minutt ut i 2. omgang skåra Skuseth sitt andre mål i kampen. Steffen Øye Myklebust fastsette sluttresultatet til 5–1 i det 63. minutt. Dermed vart det 5-1-siger for Hovdebygda.

Langevåg slo Volda 2 7–0 på heimebane torsdag. Dermed ligg Hovdebygda framleis eitt poeng framfor Langevåg. Sykkylven og Vigra spelte uavgjort 3–3. Avstanden opp til tabelltoppen har minka til fire poeng for Hovdebygda sin del.

Komande torsdag ventar ein tøff bortekamp når Hovdebygda tek turen til Aksla. I dei tre siste kampane denne sesongen er Skodje, Godøy og Stranda motstandarar for Hovdebygda.