Birgitte skåra i Toppserie-debuten

Birgitte Bjørlykhaug gjekk frå Herd til Røa tidlegare i år. No har ho fått debuten i Toppserien.  Foto: Sunnmørsposten/Arkiv

Sport

Vartdalsstranda har to spelarar i Toppserien for kvinner i fotball. Synne Masdal og Birgitte Bjørlykhaug spelar begge for Røa. Onsdag fekk Bjørlykhaug debuten sin i Toppserien borte mot Arna-Bjørnar. Ho kom inn i pausen og brukte fire minutt før ho teikna seg på skåringslista. Kampen enda uavgjort 2-2. Tora Ose sat på benken for Arna-Bjørnar.

Bjørlykhaug har også fått to kampar for Røa sitt andrelag. Der har ho vore svært effektiv og skåra fem mål.

Målet mot Arna-Bjørnar vart og nominert til rundens mål i Toppserien.