Tok klassesigeren i Oslo maraton

Sport

I helga var det største gateløpet i Noreg, Oslo maraton, arrangert. Ein som hadde jamn og god fart gjennom alle 42 kilometarane i maratonklassen var utflytta ørsting Yngve Røe. Han fullførte løpet på 2.55.30. Den tida gjorde at Røe vann klassa Menn 50-54 år. Det var 232 deltakarar i klassa til Røe.

Samanlagt gjorde han det også godt. Prestasjonen gav han 66. beste tid av nesten 3000 startande.