Full pott for Volda

Siger: Kine Kvalsund skåra åtte mål i 23-20-sigeren over Skrim Kongsberg laurdag. Arkivfoto 

Sport

Skrim Kongsberg gav Volda skikkeleg kamp laurdag, men Volda sikra seg sin tredje strake siger i 1. divisjon.

Volda stod med to sigrar i sesongopninga medan Skrim Kongsberg hadde tapt sine to første kampar. Laurdag møttest laga i Kongsberg. Heimelaget kom best i gang og etter ti minutt var dei i leiinga 7–4. Volda kom à jour og laga følgde kvarandre tett inn mot pause. Då sluttsignalet for 1. omgang gjekk var det uavgjort 13–13. Volda tok gradvis over initiativet i kampen i 2. omgang. Etter 43. minutt gav kaptein Kine Kvalsund gjestene leiinga 18–15. På det meste var Volda i leiinga med fire mål og dei vann kampen 23–20. Kvalsund vart toppskårar med åtte mål.

Sigeren laurdag gjer at Volda står med full pott i 1. divisjon etter tre serierundar. Flint Tønsberg er det einaste laget som har den same sesongopninga som Volda, og dei toppar tabellen på betre målforskjell. Komande helg er det spelefri for Volda. Deretter kjem Haslum på besøk i Voldahallen.