Åmdal-siger i åttemålskamp

Johan Liseth Pedersen skåra to av Åmdal sine fem mål mot Gjerdsvika/LGFK2 onsdag.  Foto: Joachim Åsebø/Arkiv

Sport

Åmdal kjempar med Vanylven om opprykk frå 6. divisjon avdeling 2. Onsdag var det klart for heimekamp i regnvêret mot Gjerdsvika/LGFK2. Heimelaget fekk ein god start på kampen og Sigurd Nybø skåra det første målet. Gjestene utlikna før spelande trenar Johan Liseth Pedersen sende Åmdal tilbake i leiinga.

Etter pause var det bortelaget som først teikna seg på skåringslista og utlikna til 2-2. Simon Bjørdal sette inn 3-2 for Åmdal før Liseth Pedersen skåra sitt andre mål for kvelden. Audun Lillebø auka til 5-2. Gjerdsvika/LGFK2 reduserte frå straffemerket, men Åmdal tok med seg alle poenga etter 5-3-sigeren.

Vanylven slo Vartdal på bortebane onsdag. Dermed er det framleis tre poeng som skil Vanylven og Åmdal på tabellen. Neste veke ventar ein tøff bortekamp for Åmdal når det er lokaloppgjer mot Sæbø.