Ørsta opna sesongen med siger

Siger: Ørsta opna sesongen godt med 30-27-siger over Sverresborg 2 laurdag. 

Sport

I helga vart det ein skikkeleg handballfest i Ørstahallen. Herrelaget sesongopna med 30-27-siger over Sverresborg 2.

Ørsta har i år ei målsetting om å vere med heilt i toppen av 3. divisjon. Herrelaget har fått lagt eit solid treningsgrunnlag og laurdag starta sesongen på heimebane. To skåringar Abdulbaset Aljajeh og eitt av Ruben Rekkedal Nydahl gav Ørsta 6-2-leiing etter ti minutt. Ørsta hadde initiativet i kampen, men heilt på tampen av 1. omgang kom Sverresborg nærare. Laga gjekk til pause på stillinga 13–11.

Heilt i starten av 2. omgang var igjen likt mellom laga, 14–14. Sverreborg tok leiinga i kampen først gong etter 40 minutt, men Ørsta slo tilbake. Med ti minutt igjen av kampen skåra spelande trenar Anders Vatsaas og gav Ørsta leiinga 26–22. Heimelaget kontrollerte den siste delen av første seriekamp. Med 30-27-siger sikra Ørsta seg ein god start på sesongen i 3. divisjon.

Vatsaas og Aljajeh vart toppskårarar for Ørsta med åtte mål kvar. I helga ventar bortekampar mot Kristiansund og Orkanger.