Åttemålssiger for Ørsta

Mathias Welle Aam og resten av G18-laget fekk ein god start på sesongen mot Sverresborg.  Foto: Joachim Åsebø/Arkivfoto

Sport

G18-laget til Ørsta var best heime mot Sverresborg laurdag og vann komfortabelt 25-17.

I tillegg til å prøve å kvalifisere seg til Lerøyserien (eliteserien for G18-lag) spelar Ørsta sitt G18-laget i Toppserien i Region Midt. Laurdag var det sesongstart i Ørstahallen med Sverresborg som motstandar.

Gjestene fekk den beste starten på kampen, men Ørsta slo raskt tilbake og tok over initiativet. Odin Silseth Tømmerbakk skåra det siste målet i 1. omgang og Ørsta var i leiinga 12-9.

Etter pause tok Ørsta dominerte heimelaget. Midtvegs auka Sigurd Vartdal leiinga til 20-12. Abdulbaset Aljajeh skåra det siste målet for Ørsta i kampen som Ørsta vann 25-17.

Til helga er Tiller og Kolstad motstandarar for Ørsta på bortebane.